Om Padleåro

Padleåro såg dagens lys i 2009 med utleige av kajakkar. Sumaren 2010 starta vi og med kurs i havpadling. Vi held kurs etter spørsmål frå kundar for grupper på 4 til 6 personar.

Ta kontakt med oss dersom du vil leiga kajakk eller ynskjer eit kurs i havpadling.

Kven er vi?

Lillian er padlegal og utdanna padleinstruktør hos Padleforbundet. Ho er for tida busett i Stavanger, men er på Fitjar og i Fitjarøyane så ofte som ho kan.

Johannes bur i Vistvik og leig ut kajakkane. Han er oppvaksen på Fitjar og er spesielt oppteken av vèr og vind som er høveleg når ein skal leggja ut på padletur. Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg padleprat!

-Lillian Nesse Vea / Padleåro

-Johannes Nesse / Utleigesjef